Dei 15 Mest Vestlandske Vestlendingane

Informações:

Synopsis

Portrettserie. Ein jury har kåra dei 15 mest typiske vestlendingane for BT.

Episodes

  • Madam Felle

    22/06/2018 Duration: 27min

    Ho hadde "øl te selle", budde i Sandviken og var i nær familie med Jonnemann, men kven var Madam Felle? Faktisk er det fleire kandidatatar til denne mytiske tittelen. Bli med å løysa dette gamle bergensmysteriet, og bli kjent med Jonnemann, som var litt av ein luring! Madam Felle er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

  • Helge Møgster

    06/06/2018 Duration: 33min

    Som liten drøymde Helge Arvid Møgster om båtar. 14 år gammal tente fiskaren over ei årsinntekt på ein sommar. Mangemilliardæren har eit års utdanning og styrer imperiet bygd på fisk og olje frå Storebø i Austevoll.   Han slo seg opp saman med broren Ole Rasmus, og alt gjekk på skinner då den verst tenkelege beskjeden kom.   Helge Møgster er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen. 

  • Leo Ajkic

    28/05/2018 Duration: 29min

    Han var elleve år då han kom til Bergen som flyktning. Draumen var å bli proff basketstjerne, eller driva kebab i Bergen.   Om nettene selde Leo og foreldra gatemat utanfor utestadene i Bergen for å skaffa pengar. Han slo seg opp som TV-profil på BTV med det kontroversielle "kattekastet", og han var fødselshjelpar for artistar som Lars Vaular og John Olav Nilsen. I 2017 fekk han Fritt Ords honnørpris for dokumentarserien "På flukt".   I denne episoden blir vi med Leo heim til Løvstakk-sida i Bergen. Leo Ajkic er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.  

  • Wilhelm Christie

    14/05/2018 Duration: 28min

    Han kunne blitt statsminister, men avslo. Wilhelm Christie ville heller bu i Bergen. Hausten 1814 var han strategen som avverga krig med svenskane. Samtidig sikra han at Noreg fekk behalda den nye grunnlova si. Seinare grunnla han Bergens Museum, som er forløparen til Universitetet i Bergen. Christie var evig ungkar, men hadde to søner utanfor ekteskap frå studietida i København. Då mora til sønene døydde, måtte han ta eit val. Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

  • Ivar Aasen

    07/05/2018 Duration: 36min

    Han reiste land og strand rundt i 24 år for å spørja framande om å få høyra på når dei snakka. Nynorskens far, Ivar Aasen, gav nordmenn sitt eige språk. I denne episoden kan du høyre om pipekonsertar, bokbål og drapstruslar, men også om kor viktig det nynorske språket er for mange. Som lita var forfattaren Gunnhild Øyehaug overtydd om at ho var Ivar Aasen reinkarnert. Ivar Aasen (1813-1896) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

  • Agnes Ravatn

    23/04/2018 Duration: 29min

    I fem år strevde Agnes Ravatn med neste roman. Først då ho fekk ein alvorleg diagnose, kom inspirasjonen tilbake. I denne episoden fortel ho også om e-posten frå Jon Fosse som sporenstreks fekk henne til å trekkja seg frå ei tv-satsing med Harald Eia og Bård Tufte Johansen. Forfattaren og journalisten Agnes Ravatn er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen. 

  • Georg Johannesen

    16/04/2018 Duration: 40min

    Forfattaren og professoren Georg Johannesen er blitt kalla den mest taleføre nordmann gjennom tidene. Han hadde eit elsk-hat-forhold til heimbyen sin og kalla bergensarar for «Norges jøder». Ein BT-jury har kåra Johannesen til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane», og i denne episoden fortel menneske som stod han nær, om hans liv, arbeid - og ofte kontante veremåte.

  • Liv Signe Navarsete

    09/04/2018 Duration: 28min

    Ho gjekk til topps i politikken som Sp-leiar og statsråd. Men det bles kaldt på toppane, og maktkampen i eige parti gjekk på helsa laus. I denne podkasten fortel Liv Signe Navarsete openhjartig om oppvekst, familieliv og livet som rikspolitikar. BT-juryen har kåra sogningen til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane".

  • Ludvik Hope

    03/04/2018 Duration: 32min

    Han var misjonshøvding på 1900-talet og samla fleire tilhøyrarar enn Bjørnstjerne Bjørnson. Under krigen vart han dømt til konsentrasjonsleir i Tyskland, men berga i siste liten. Ludvik Hope var den første lekpredikanten som preika på nynorsk og dialekt. 

  • Olav H. Hauge

    19/03/2018 Duration: 37min

    Ho var NRK-vertinne, fotomodell og student. Olav H. Hauge skreiv kjærleiksdiktet «Du var vinden» til den langt yngre Elisabeth Vallevik Engelstad. Diktet vart trykt i samlinga «Dropar i austavind» i 1966, same år som ho gifta seg med ein annan. Like etter vart Hauge sjuk igjen. BT-juryen har kåra lyrikaren Olav H. Hauge (1908–1994) til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane».

  • Linda Eide

    12/03/2018 Duration: 30min

    Illsinte bergensarar ringte etter sending. Linda Eide vart fjerna frå vaktlistene til NRK Hordaland og lova seg sjølv å aldri meir snakka i ein mikrofon.  NRK-profilen frå Voss er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen. 

  • Jon Fosse

    05/03/2018 Duration: 29min

    Skodespela hans er sette opp over tusen gonger i heile verda. Men for den sky vestlendingen fekk den internasjonale suksessen ein høg pris. Ein jury nedsett av BT har kåra han til ein av dei mest vestlandske vestlendingane.  

  • Bjørn Jensen

    26/02/2018 Duration: 27min

    Før var avstanden mellom bymann og stril så stor at Bjørn Jensen ikkje kjente farsfamilien som budde i Bergen. Det ville han gjere noko med. Ein jury nedsett av BT har kåra han til ein av dei mest vestlandske vestlendingane.

  • Einar Førde

    19/02/2018 Duration: 25min

    Han var ein av dei skarpaste politikarane etter krigen, og NRK-sjef i nesten tolv år, men han hadde også ein råskap og replikk som kunne sjokkera. Hadde han klart seg i disse #metoo-tider? Ein jury nedsett av BT har kåra Einar Førde til ein av dei mest vestlandske vestlendingane.

  • Ingrid Espelid Hovig

    22/01/2018 Duration: 25min

    Ein jury nedsett av BT har kåra Ingrid Espelid Hovig (93) til ein av dei mest vestlandske vestlendingane. Ho var heile Norges matmor, men hadde ingen å stelle for heime. I godt vaksen alder tok ho til seg to menn som sine eigne søner og forandra livet deira for alltid.