Litteratur På Blå
Før festen – eit møte med Saša Stanišić
- Author: Vários
- Narrator: Vários
- Publisher: Podcast
- Duration: 1:32:28
- More information
Informações:
Synopsis
I samarbeid med Goethe-Institut Oslo har vi denne kvelden invitert Saša Stanišić til samtale – ein bosnisk-tysk forfattar, fødd i 1978 i ein liten by aust i Bosnia. I 1992 kom han til Heidelberg i Tyskland som borgarkrigsflyktning. Han har studert tysk og slavisk språk, og tatt den prestisjefylte skriveutdanninga ved Litteraturinstituttet i Leipzig. Stanišić har utgitt to romanar, den første, Hvordan soldaten reparerer grammofonen (2006), kom på norsk i 2009. For sin siste roman, Før festen, vann han bokmessa i Leipzig sin gjeve litteraturpris. Den kjem på norsk på Cappelen Damm kvart augneblink, i Astrid Nordang si omsetjing. Handlinga i romanen er lagd til det fiktive Fürstenfelde i Uckermark, ein landleg del av Brandenburg. Ulike forteljarinstansar skildrar korleis nedgangstida som har oppstått i etterkant av den tyske gjenforeininga, medfører både arbeidsløyse og alkoholproblem. Stanišić, som er kjend for sitt stilmedvit og språkbehersking, viser også dette i Før festen. Stanišićs språk kan vere ei utfo