Folk & Dyr

Laks ved verdas ende

Informações:

Synopsis

Eit veddemål bringa fiskeelskaren Michael frå Berlin til Solund, for å ta oppdrettsnæringa kritisk i augesyn. Det var nittitalet og rykta om utstrekt bruk av antibiotika i lakseindustrien hadde nådd Humboldt-universitetet kor han studerte akvakultur. Tjue år seinare er han dagleg leiar i Sulefisk og vil gjerne vere laksens advokat. Stolt viser han fram det nye kontrollrommet. Herfrå overvakar han merdane, fôrar laksen og skyt med laser på lakselus. Medan sjøtemperaturen stig faretruande, sjonglerer han statlege reguleringar og krav frå bedrifta til produktivitet med endringar i økosystem og fiskevelferd. Industrien kan ikkje berre gå føre seg i andre land, meiner han: Ein må jo løyse problema!