Folk & Dyr

Vêreigaren

Informações:

Synopsis

Havet står rett inn frå vest på den gamle handelsstaden Gåsvær. Her regjerer Anne Marie over 50 sauer og ein og annan vêr. Ho er både matmor, jordmor og slaktar. Alt av innmark og utmark vert brukt for å få nok fôr frå den sparsame øyjorda. Øyene som høyrer til været er naudsynt sommarbeite, og sauene vert frakta dit i båt. Da er det viktig at sauene er båtvande og samarbeidsvillige. Norsk kvit sau er ein langhalesau som gir attraktiv ull som er lett å farge og spinne for industrien, og kjøt som gir inntekter til sauebonden. Men kanskje er det gode gemyttet ein eigenskap som er i ferd med å gå tapt? - I fleire nye episodar blir vi betre kjende med folke- og dyrelivet på øyane i Solund, ytterst i Sognefjorden. - Se mer fra Anne Marie på @vaereigaren