Littpod

LitFestBergen2020 - Korleis omsette kvardag?

Informações:

Synopsis

Korleis kan kvardagsspråket, som tar utgangspunkt i alt frå det konkrete og tinglege til djupt kulturelle fenomen – som til dømes sjølve omgrepet kvardag – bli omsett frå eit språk til eit anna? Kva om det ikkje er det spesialiserte språket som er vanskelegast å formidle på eit anna språk? Forfattar Laila Stien omsett frå nordsamisk til norsk og Synneve Sundby omsett frå fransk til norsk. Dei møtest til samtale under leiing av forfattar og omsettar Grethe Fatima Syéd. Samtalen er på norsk.