Telemarkpodden

JOHAN STRAAND: Straand var som Badehotellet i Vrådal

Informações:

Synopsis

STRAAND: Johan Straand om det historiske hotellet som gjennom fem generasjonar har husa farande folk i Vrådal sidan 1864. –  Straand var som Badehotellet; fintfolk frå Arendal og Skien var kvar sommar tre veker på hotellet med same rom og bord i spisesalen. Knut Hamsun var forresten så folkesky at han fekk maten servera utan at andre såg han ete, seier Johan Straand etter snart 50 år som drivar og eigar av hotellet. I Telemarkpodden fortel reiselivsnestoren om ei eventyrleg hotellreise som starta då far hans døydde ung, og Johan som 11-åring fekk beskjed av mor om at han måtte sjå til å bli vaksen og ta over hotellet! Vert: Styrk Fjærtoft