Telemarkpodden

ANDERS KVÅLE RUE: Heddal stavkyrkje er som ein sovande drake

Informações:

Synopsis

HEDDAL STAVKYRKJE: Vegvisar Anders Kvåle Rue tek oss med tilbake mest 800 år i Norges største stavkyrkje i Heddal. – Det er som om heile bygget er ein levande organisme. Ein eldgamal drake som ligg her og søv! Sterke, magiske symbol som monster og krapyl skulle jage djevlar og vonde krefter langt vekk frå kyrkjeromet. Og tenk at delar av treverket i stavkyrkja er frå vikingtida, seier illustratør Rue som stiller i vikingdrakt og har ein enorm kunnskap om denne spennande tida! Vert: Styrk Fjærtoft