Folk & Dyr
Bonusepisode: Sauekviskrar Hilde
- Author: Vários
- Narrator: Vários
- Publisher: Podcast
- Duration: 0:15:11
- More information
Informações:
Synopsis
I denne jule-episoden blir det meir frå sauebonden Hilde Buer som du og møtte i forrige episode. I opptak frå Økomagisk symposium på Lysfestivalen i Solund fortel Hilde korleis ho har blitt ein som sauane lit på, og korleis dei takkar henne for det. For når Hilde går ut på verandaen og kallar på dei, kjem dei, alle 400. Husdyra våre treng fysisk, emosjonell og spirituell omsut. Den fysiske omsuten har med omgjevnaden å gjere; tilgang på vatn, mat og tørre liggjeplassar. For å være mentalt i balanse må dei kunne stelle seg og til dømes leika for å være den arten dei er, medan det spirituelle er der menneskje og dyr kan kommunisere og byggje relasjon. Det er denne kommunikasjonen Hilde Buer snakkar om, korleis ho har kome fram til den og kva som skjer når den virkar.